Det årlege arrangementet til Norsk Schäferhundklub avd. Sogn og Fjordane gikk av stabelen i Lærdal 8.og 9. August. 

Schäferhundar frå vestlandet og austlandet konkurrerte laurdag, om kven som var penast. Eksteriørdommar var Håkan Karlson frå Sverige.  Det var påmeldt 66 hundar med stort og smått.  Ringsekretær Audun Gudbrandsstuen frå Voss, og Linda Borlaug frå Årdal gjorde eit godt arbeid med å organisere hundane og skrive ned dommaren sin kritikk på kvar hund.

Det såg mørkt ut

Det såg ei stund mørkt ut for heile utstillinga.  Fredag kveld venta dommaren på flyplassen i Gøteborg,  men flya til Gardemoen var kansellerte.  På Gardemoen var noko feil, og dei brukte nødagregat på radaren.  Av sikkermessige årsaker tok dei berre ned 6 fly i timen, og let 6 fly lette.  Flyet frå Gøteborg var ikkje av dei som vart prioriterte.  Han rakk difor ikkje flyet frå Oslo til Haukåsen.

Tidlegare rallykøyrar

Etter mange telefonar for å finne løysingar, sette Håkan Karlson seg i bilen med kurs for Lærdal.  68 mil køyrde han, etter å ha venta mange timar på flyplassen.  Han kom til Lærdal i 4tida om morgonen, sov 3 timar og dømde hundar heile dagen. Imponerande! 

 

BIR vart Fastie's Gina    

Far:SchH 1 BHAD Quantum vom Fimereck

Mor:NUCH SchH1 BH AD Fastie`s Wilma

Oppdretter: Svenn Erik Larsen

Eigar:Tine og Lars Lunde/Kjell Pollestad

 

 

BIM vart Hyro av Tiwax

Far: BH AD SchH3 Solo Vom Køtterbush

Mor: Svarteborg`s Gina

Oppdretter: Tor A Johannesen/Rådal

Eigar: Thor og Kristin Johannesen

 


 

 

Lydigheit på søndagen.

Elin Dahl frå Bergen dømde ekvipasjane i lydigheit.  Audun Gudbrandsstuen var ringsekretær, og Inger Helen E. Kvamsdal var skrivar.  Det er nedgang på tal deltakarar i heile landet, uvisst av kva grunn. Søndagen kom med fint ver, og konkurransen gikk som planlagt, sjølv om det var få som møtte.  Dommaren var svært fornøgd med nivået på alle som deltok, og sa det var kjekt å dømme så flinke ekvipasjar.  Det var berre schäferhundar som deltok, sjølv om konkurransen var open for alle.

 

RESULTAT AV LYDIGHEITEN:

Klasse 1:

1.      170,5 p. Hund: Eva  Førar: Anne-Brit Balevik, Balestrand

2.      164 p. Hund: Brandfjellets Dexi  Førar: Trine Rudstaden, Dokka

3.      153,5 p. Hund: Citagardens A-Kompiz  Førar: Vibeke Kildal, Florø

 

Klasse 2:

1.      174 p. Hund: Vangteigens Cana  Førar: Frode Fuglestrand, Førde

 

resultat utstilling kjem snart